North Atlantic Ski Events
Bratt moro skal saman med Akureyrarstofa i Island og partner på Grønland gjennomføre eit forprosjekt med tanke på å etablere North Atlantic Ski Events som turistmagnet på 3 destinasjoner innenfor det nordiske atlantsamarbeide. Aktiviteten vert utvikla på publikum og media sine premissar målet er at arrangementet får ein høg medieprofil
Prosjektet har partnarar på etablerte og ferske turistdestinasjonar i Island og Norge med ulike eigenskapar, noko som skal gje ei spreiingseffekt i turismefaget også utover dette arrangementet. Prosjektet tek sikte på partnersøk på Grønland vinter/vår 2012 og gjennom eit framtidig hopvudprosjekt er målsetjinga å ha etablert ein bratt pudderaktivitet som står som ein påle i årshjulet på destinasjonane.
Partnarane i prosjektet skal tilføra kvarandre kompetanse og utvikla ein felles plattform for arrangementa, men samstundes dyrka fram kvarandre sin eigenart. Gjennom eit slikt nordatlantisk samarbeid vil det bli sentralt for oss å fokusera på klima og klimaendringar, både fordeler og ulemper. Døme på fordel er at medan ein nede i Mellom-Europa opplever dramtisk smelting av brear og manglar snø i vinterdestinasjonane, må vi i nord utnytta dette til vår gunst. Samstundes tek vi sikte på å gjera deltakarane medvitne utfordringane klimaendringane medører, og ynskjer difor å gje dette eit sterkt fokus i vår kommunikasjon. Ved å retta oss mot unge vil vi ha høve til å folkeleggjera kunnskap kring klima og setja klima på dagsorden.
Kunnskap er på mote hjå målgruppa vår; di større kunnskap, di større status.
Samarbeidsprosjektet tek sikte på akkurat dette, å kopla populære vinterasktivitetar opp mot kunnskapsformidiling.
Prosjektleiar: Tor Yttri