Fjordski
Bratt moro har teke initiativ til reiselivsnettverket Fjordski som med støtte og rettleiing frå Innovasjon Norge og innleigd kompetanse ønskjer å skapa nye reise- og opplevingsprodukt med utgangspunkt i lokale kvalitetar der naturopplevingar og kunnskapsformidling er sentrale element. Vi vil byggja nye opplevingsprodukt kring allereie etablerte reiseruter/reiseprodukt der ein pakkar opplevingar i vill og vakker natur med kunnskapsformidling.
Gjennom Fjellsportfestivalen har Bratt moro AS prøvd ut deler av konseptet med svært gode erfaringar: Pakkar som skredkurs med topptur, kurs i bratt skikøyring mv. Har vore lette å selja til gode prisar. i har tru på at opplevingar og aktivitetar i kombinasjon med kunnskapsformidling er ein trend som vil utvikla seg vidare, og at marknaden for slike pakkar er veksande i åra framover. Fleire og fleire søkjer toppturopplevingar og kunnskap om korleis ein skal meistra bratte fjell om vinteren. Det er in med topptur, og det er in med kunnskap.
Vi har valt å kalla forprosjektet FjordSki fordi dette i stor grad samanfattar prosjektidéen: Vi er lokalisert ved Sognefjorden og ynskjer å kommunisera dette.
Per desember 2011 har Fjordskinettverket desse medlemmane:
Bratt moro AS: initiativtakar, prosjektleiing, opplevingar
Lægreid Hotell: overnatting
Sogndal Skisenter AS: - skitrekk
Idrettssenteret AS: Europas største klatrevegg, trening, massasje, spa mv.
Fjord1: transport
Prosjektleiar: Tor Yttri