Eldsjelsamling

Velkomen til Eldsjelsamling på Quality Hotel Sogndal onsdag 18/1 klokka 19.00.

Som tidlegare annonsert vert det Eldsjelsamling onsdag 18/1.Vi er heldige og får besøk av festivalsjef Eirik Høyme Rogn i Vinjerock som fortel litt om ideen bak Vinjerock, korleis dei er organisert, korleis dei motiverer frivillige og korleis dei har oppnådd suksess med det spreke arrangementet sitt.

Vidare kjem vi i Bratt moro til å fortelje litt om kva som ventar oss framover og kva vi gjerne vil ha deg med på. Vi kan love både spektakulære stunt, og tyngre faglege samlingar i tida framover.

På kjøpet får du litt lettare underhaldning og ein matbit - vi avsluttar i smågrupper det vi blir litt konkrete på nært føreståande arbeidsoppgåver.

Vi håpar du er med på laget og at du tek med deg gode venner på samlinga. Saman skal vi byggje fjellsportmiljøet i Sogndal enda sterkare.

Møt opp for ein hyggeleg kveld med likesinna!

Helsing frå alle oss gutane og jentene i Bratt moro

Arrangement:

30/5
Stisykning, downhillsykling, terrengsykling

9/6
Bratt moro på Stryn Sommerski

29/6-1/7
Studietur: Ekstremsportveko 2012

14.-16. september
Haustfestival

24/10
Seminar: Fjellsporthistoria i Sogndalsdalen

1/11-4/11
Fjellsportkonferansen

Få invitasjon til arrangementa våre: 

Info

Stad: Quality Hotel Sogndal
Dato: Onsdag 18/1 2012
Klokka: 19:00
Pris: Gratis

Ope for alle eldsjeler

Påmelding!