Vil du bli klokare?
Kan du alt? Eller kan du tenkja deg å srekkja grensene dine, også dei som sit oppe i hovudet? Under Fjellsportfestivalen prøver vi å tilby kurs og aktivitetar som skal gje deg betre dugleikar og ny kunnskap. Kom til Sogndal og bli klok!
Her i Sogn har vi ei rekkje miljø og personar med stor kunnskap kring natur og fjell, både formell kunnskap og slik kunnskap du berre får gjennom røynsle over mange år. I Jostedalen har dei gjennom generasjonar lært opp andre korleis ein skal ferdast trygt i barsk og utfordrande natur, over bre og fjell. Dei har vore flinke å dela kunnskap med andre. I Sogndal har vi forskarar og høgt utdanna fagfolk innan klima, geologi, idrett og friluftsliv, tilknytta Vestlandsforsking, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Norsk Bremuseum. Fjellsportfestivalen prøver å dra nytte av denne kunnskapen i godt samspel med desse. Under Fjellsportfestivalen kan du strekkja grensene dine og bli betre på ski gjennom kursa og aktivitetane våre. Kanskje kan du køyra litt brattare neste gang du er på tur? Vi fokuserer på tryggleik og legg vekt på at du skal vita litt meir om risikovurdering etter å ha vore med fjellførarane våre på kurs og tur.
I samarbeid med Veka og dei andre samarbeidspartnerane våre vil vi kvar dag by på seminar. Her kan du få høyra ulike føredragshaldarar fortelja gode historier, dela kunnskap om bruk av natur og kropp, om bruk av utstyr og korleis ein kan flytta eigne grenser. Og ikkje minst korleis du kan redusera risiko og få gode og trygge opplevingar i bratt natur.