Møteplass og kunnskapsbase for fjellsport og ekstremsport

Gjennom prosjektet Møteplass og kunnskapsbase for fjellsport og ekstremsport vil Bratt moro skape BULYST

Fjellsport og ekstremsport er populært i tida, og mange har lyst til å identifisera seg med kulturen og aktivitetane som ligg under desse omgrepa. Erfaringane viser at fjellsportmiljøet har vore ein viktig lokaliseringsfaktor for høgkompetent arbeidskraft i regionen vår dei seinare åra, og utvikling av dette miljøet i seg sjølv vil gje auka bulyst til regionen. Vi er overtydd om at vi ved å skapa ein slik møteplass, både fysisk og digitalt, også vil kunna skapa nye arbeidsplassar som følgje av prosjektet.

Prosjektet skal årleg arrangera ein nasjonal konferanse lagt til Sogndal med fokus på fjellsport og ekstremsport. Tema skal spenna frå tryggeleik og klimapåverknader til samfunnsperspektiv og bulyst. Vi skal ha månadlege samlingar vi inviterer breitt og set tema på ulike sider ved fjellsport/ekstremsport. Vi skal arrangera ein årleg festival, der siktemålet er brei involvering i planlegging og gjennomføring. Her vil ein prioritera sterkt å dra med nye personar som flyttar til regionen, då vi har erfart at dugnadsarbeid fungerer veldig bra som integreringstiltak og gjev nye impulsar og nyttige innspel til eksisterande miljø.

Prosjektet tek sikte på å vidareføra og utvikla effektane og resultata vi har oppnådd gjennom Fjellsportfestivalen. Innan det nye fjellsportmiljøet i Noreg, ofte og litt upresist nemnt som ekstremsport, er det eit stort behov for å samla og formidla kunnskap. Det er naturleg at vi tek denne rolla, pga røynsle, geografi og kunnskapskonsentrasjon.

Prosjektet har eit nasjonalt perspektiv og rettar seg både mot folk som er heimehøyrande i regionen og personar som vurderer å flytta hit. Gjennom å skapa dette miljøet, med dei fasilitetane som vi legg til Sogndal Fjellsportsenter, har vi sterkt tru på at det vil verta ein møteplass for alle desse gruppene, og at vi vil skapa eit innovativt og kreativt miljø. Her skal både bufaste sogningar, studentar i Sogndal og tilreisande og tradisjonelle turistar, finna utfordringar og kunna henta/dela kunnskap innan trygg ferdsel i bratt landskap, fjellsportkultur, digital medieproduksjon/formidling og historie.
Frå før står Bratt moro AS bak etableringa av Fjellsportfestivalen AS, som i dag er Noregs største vintersportfestival og som har lokka nye innbyggjarar til Sogndal og regionen.

Oppbygginga av Fjellsportfestivalen har vist oss at det å smelta saman ulike miljø resulterer i i enorm skaparkraft. Det er dette vi vil vidareføra gjennom Møteplass og kunnskapsbase for fjellsport og ekstremsport.

Prosjektet har følgjande delmål:

  • Skapa ein fast geografisk møteplass for fjellsportinteresserte personar.
  • Gjera lokal kunnskap på høgt nasjonalt nivå tilgjengeleg for folk flest.
  • Forsterka gode opplevingar gjennom bruk av digitale verktøy.
  • Leggja til rette for tiltak og infrastruktur som opnar fjellheimen for fleire grupper.
  • Vera ein pådrivar for bygdeutvikling i Sogndalsdalen/Sogndal og regionen elles.
  • Knyta nære band mellom etablerte aktivitetsverksemder og kunnskapsverksemder i regionen.
  • Nyttegjera oss av og vidareutvikla førarkompetansen som finst lokalt (Sogn har den tettaste konsetrasjonen av internasjonalt godkjende tindevegleiarar).
  • Greia å inkludera, involvera og engasjera unge med interesse for ekstremsport/fjellsport/friluftsliv som ikkje vert fanga opp av andre organisasjonar.

Prosjektet er meint å verta eit varig tiltak der vi tek sikte på at Sogndal Fjellsportsenter vert den viktige møteplassen for deling av kunnskap kring trygg ferdsel i bratt landskap. Vi håpar og trur at vi gjennom prosjekt ”Møteplass og kunnskapsbase for fjellsport og ekstremsport” har danna grunnlag for nye arbeidsplassar, og at vi kan føra skaparkrafta vidare i form av nye og innovative tiltak.

Prosjektstyre: Tor Yttri, Jan Tore Rosenlund og Yngve Hallén.

Prosjektleiar: Torgeir Skålid

Arrangement:

21/2.-26/2:
Fjellsportfestivalen

13/4-15/4:
TheBigLePowSki

Få invitasjon til arrangementa våre: